Cerys Hafana

NORSE GAELS FOLK FEST Musikalsk reise gjennom walisisk tradisjon og innovasjon!

page view image
Event date

Thursday 6 Nov 2025 20:30

Ends Thursday 6 Nov 2025 23:30
order

Available items

ticket item
Ordinær
ticket item
Honnør/student
ticket item
Under 23
event image

Event information

Den særs talentfulle walisiske trippelharpisten og komponisten Cerys Hafana åpnar årets utgåve av Norse Gaels Folk Fest! 

Cerys er kjend for å utfordre og transformere tradisjonell musikk på ein nyskapande måte, og samstundes komponere musikk i tradisjonell stil. Gjennom sin unike tilnærming til både det tradisjonelle og eigne originale komposisjoner, tilfører hen den walisiske tradisjonsmusikken nye og spanande element.

Hen debuterte med albumet Cwmwl (2020) før det kritikerroste andrealbumet Edyf (2022) kom ut, ein utgjeving som The Guardian utropa til eit av årets ti beste folk-album! Etter det har Cerys markert seg som ein av dei mest spennende artistene, både gjennom kvalitet og breidde, i dagens folkemusikklandskap. Hens nyaste prosjekt, EP-en The Bitter (2024), byr på ein vakker samling av engelske og skotske folkesongar, medan Crwydro (2024) utforskar solistisk pianomusikk på djupt personleg vis.

Cerys har spelt på prestisjetunge festivalar som Festival Interceltique de Lorient, Green Man, Rudolstadt, Trans Musicales, WOMAD og Reeperbahn, og har delt scenen med artister som Charlie Cunningham, Adwaith, Andrew Wasylyk og Yann Tiersen. I januar 2024 turnerte hen også med det anerkjente klassiske ensemblet Sinfonia Cymru.

Me gler oss til å oppleva Cerys Hafanas musikalske reise gjennom walisisk tradisjon og innovasjon her på Riksscenen!

 

 Cerys Hafana - harpe









Tags

riksscenen
folkpåtorsdag
norsegaelsfolkfest
Organizer
Riksscenen