page view image

NILS ØKLAND - BLÅ HARDING

Information
event image


Det er 30 år sidan Nils Økland solodebuterte på plate med Blå Harding, ein utgjeving som verkeleg fortener eit jubiléum. Det skal markerast med framføring av plata, der Nils tek med seg sin musikalske våpendragar gjennom fleire tiår, Sigbjørn Apeland. 


Blå Harding - den mest grensesprengende utgivelsen av norsk tradisjonsmusikk i år. Sørg for å få han verdenslansert” - Espen M. Sætre/Morgenbladet.


Med Audun Strype bak spakane og musikarane Sigbjørn Apeland (harmonium), broren Torbjørn Økland (gitar),László Rácz (cimbalom),  Pål Thorstensen (bass) og songaren Berit Opheim, spelte Nils Økland inn den legendariske “Blå Harding” i 1996 og gav den ut på sitt eige selskap Morild. Plata fekk enormt med skryt og høgste terningkast frå både presse og publikum, og vart ein klassiker i samtida, ein posisjon den har halde på fram til den dag i dag.


Blå Harding er perla i dagens nordiske repertoar” - Ivar Orvedal/Klassekampen


Vel møtt til musikalsk jubiléum til ein av dei mest markante utgjevingane innanfor norsk folkemusikk - her på Riksscena!


Nils Økland - hardingfele

Sigbjørn Apeland - trøorgel



























riksscenen