FRIKAR: FENRIR PREMIERE!
Om å takle dei utamde kjenslene våre – vår indre ulv.
Velkomen til "FENRIR," ei reise inn i den djuptgåande relasjonen mellom Fenrir og Odin. Kjerna i Ragnarok blir akrobatisk tolka som dei indre kreftene i oss.
Rørslekunstnarane Naomi Bratthammer og Hallgrim Hansegård, i samarbeid med komponisten Terje Isungset, skapar ei scenisk tolking av myten om Fenrisulven frå norrøn mytologi. Kan historia lære oss noko om det å fornekte det utemde i oss sjølv?
Odin var spådd å bli slukt av ulven Fenrir, eit symbol for dei utamde kjenslene. Då ulven vart fødd, vart han adoptert av Odin og æsane for å bo saman med dei. Som tida gjeng, voks ulven seg så stor og sterk at han laut bli bunden. Dei sterkaste kjettingane held ikkje, og Odin får hjelp av dei underjordiske svartalvane til å laga den magiske snora Gleipnir. Fenrir forstår at han kan bli lurt, og krev at krigsguden skal leggje handa si i kjaften hans som pant. Handa blir ofra og Fenrir blir endeleg bunden. Men kost reagerer kjenslene når me bind og fornektar dei?
Mot slutten av ragnarok går det som spådd, ulven slit seg laus og sluker Odin.
Dette er historia som inspirerer ei svingande framsyning av sirkustau, akrobatikk, folkedans og naturinstrumental musikk. Samspelet mellom dei to karakterane gjev oss ei djupare forståing av korleis kjensler og fornuft kan eksistere side om side, og korleis me som menneske kan lære av både styrka og sårbarheita som ligg i denne motsetjinga.
Ifølgje psykoanalytikar Carl Jung har vitskapen bana veg for ei horisontal forståing av verda som fokuserer på imperialisme og forbruk. Med vertikalt tau inkorporerer «FENRIR» ei vertikal, førkristen verdsoppfatning som tilfører mytene tidlause kvalitetar av draumar arva gjennom århundra.
Hallgrim Hansegård
Naomi Bratthammer
Terje Isungset