page view image

GAMMALDANSFEST!

Det vert gamaldans heile kvelden når Ein Haile Halve Moane, Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten og Riksscenens eige husband Buss For Tog spelar opp til taktfast fysisk aktivitet.

Information
event image

Ein Haile Halve Maone frå Sogn og Fjordane vart oppretta i 2016 og har sidan den gong spelt tradisjonsmusikk frå Jostedalen til dansarar over heile landet. Debutplata “Jostedalen”, utgjeven på Melovitten i fjor, vart nominert til Folkelarmprisen i klassa Årets Album - Dansemusikk. Utgjevinga vart lansert under Landsfestivalen på Vestnes i fjor, der dei unge musikarane også erobra ein feiande flott tredjeplass i gruppespel!


Mathilde Skjæret - hardingfele
Norill Terese Norheim - toradar
Emil Horstad - trekkspel
Henning Lad - gitar
Anders Vassli Brekke - kontrabass


Duoen Vegard Hansen på trekkspel og Ragna Valde Sletten på fele, båe to studentar ved Ole Bull-akademiet, platedebuterte med utgjevinga “I Stugun” i november 2024. Denne plata er også utgjeven av Melovitten, ei utgjeving som varierer mellom nykomponert musikk og tradisjonsmusikk, frå runddans og bygdedans til lyarslåtter. For kvelden er det nok dansemusikkavdelinga som får køyrt seg mest!


Vegard Hansen - trekkspel
Ragna Valde Sletten - fele


Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer seg bak reservenavnet, og i beste VY-stil, skal dei freiste å klore seg gjennom nokre låtar utan for mange glepptak.


Inge Gjevre - torader
Andreas Ljones - fele
Asgaut Bakken - gitar



foto: Thor Hauknes



riksscenen