MORGONRODE
"Den raude himmelen ved soloppgang - ein ny dag kjem og ljoset tek over for myrkret. Det gamle er forsvunne og noko nytt og vakkert har erstatta det."
Information
Morgonrode fornyar folkemusikken med slåttar, balladar og eigne låtar. Med tre feler, langeleik, bass og trommer skaper dei eit samspelt, kraftfullt og særprega uttrykk som gir musikken eit rikt og løftande preg.
Rasmus Kjorstad: oktavfele, fele, langeleik, sang, munnharpe
Helga Myhr: hardingfele, sang
Selma French Bolstad: fele, hardingfele, nyckelharpe, sang
Fredrik Luhr Dietrichson: kontrabass, sang
Andreas Skår Winther: trommer, sang