Väsen & Triakel
“Konserten är ett tydligt bevis på att ett plus ett verkligen kan bli tre”
Triakel og Väsen er to svenske folkemusikkgrupper med lange og fantastiske karrierer kvar for seg, med turnéar i alle verdsdelar og ein mengd kritikerroste album på merittlista.Det er også to grupper som har gjort seg kjend ved å skape sine heilt unike musikalske uttrykk prega av intensitet, dynamikk og nerve, trass heilt ulikt utgangspunkt.Triakel har sine tradisjonelle viser, oftast med opphav i Jämtland og Helsingland, medan Väsen har sitt utspring frå spelemannstradisjonen i Uppland.
Dei to gruppene har kjend kvarandre i ein mannsalder, men det var fyrst i desember 2023 at dei gjekk på scenen saman på ein konsdert i Uppsala. Det vart eit musikalsk møte der både ein blanding av dei to bandas repertoar med nye arrangement og ny musikk vart presentert, bunde saman av at dei to gjorde nokre låtar kvar for seg.
No har turen kome til Oslo og Riksscenen til å oppleva samarbeidet mellom to av våre favorittgrupper, der Triakels leikne møter Väsens intense musisering, og gruppene lovar at gamle fans i begge leirar ikkje skal bli skuffa!
Triakel:
Emma Härdelin, vokal, fele
Kjell-Erik Eriksson - fele
Janne Strömstedt - trøorgel
Väsen:
Olov Johansson - nykkelharpe
Mikael Marin - bratsj
Restrykcje
18 års aldersgrense