© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Prosjektet spring ut i frå eit behov for å lage sjangerlaus musikk der folkesong, pop og improvisasjon er tydelige element. Musikken er organisk og impulsiv samtidig som fengande melodiar er rådande. Nokre av låtane har fast form, men mange av dei kan bryte opp i flytande strekk eller har uforutsigbare former. Eit eksempel er singelen “Minne meg” der verset er fritt og formbart i augeblikket, men refrenget er fast. Nokre låtar har osinat som grunnmur (“Motstand” og “Mønsteret”) medan andre har tydelig vers og refreng form.
Nokre vil kunne beskrive musikken som alternativ pop med folkemusikk i botnen. Andre vil høyre prog-folk-impro. Nokre vil kanskje kunne kalle musikken for alternativ folk-støy med innslag av pop.
Låtane er arrangert av Alander og av bandet som består av Kalle Moberg på trekkspel, Ester Thunander på feler og Øystein Aarnes Vik på trommer. Plata er produsert av Alander, bandet og lydtekniker Aleksander Sjølie. I livesamanheng vil låtane flettast saman med vokalimprovisasjonar basert på ord, fraser og stiltrekk frå folkesongar, slik som “Sola, skuggen” på plata. Alander brukar råskap, breidde og frihet i stemma, og låtane er fryktlause og tydelige med tema som motstand, mønster, hengivelse som tema.