Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Torsdag 23. januar 2025 markerer Austestad 10-årsjubileet for solokarrieren sin med plateslepp av sitt femte album og eksklusiv sleppkonsert på Riksscenen i Oslo.
Det nye, sjølvtitulerte albumet Austestad, er eit samlande verk for ein artist som gjennom 10 år har utforska musikken som spring ut av hans særeigne Hordalandsdialekt.
«Takk for at du synger på norsk, Austestad. Hans Martin Austestad treffer blink på første soloforsøk»
- Dagbladet, 2015
På Riksscena har Austestad med seg sine meir eller mindre vante våpendragarar på musikerfronten, dvs Bjarne Gustavsen, (tangentar), Sondre Meisfjord (bass) og Dag Erik Knedal Andersen (trommer), og det er overhengande fare for at det dukkar opp ein og annan glimrande gjesteartist under konserten.
«Storslått, melodiøst og groovy»
- Popklikk, 2022
Konserten byr på ei gjennomspeling av Austestad sitt nye album, som han sjølv skildrar som eit sjangermangfaldig vegkryss der folk, folkemusikk, jazz, country og akustisk kammerpop møtest i ein harmoni av vestlandsk fred og fordragelegheit.
Vel møtt til sesongens fyrste plateslepp - på dagen ti år etter platesleppet for debutskiva!
Hans Martin Austestad - song, gitar, banjo
Bjarne Gustavsen - tangentar
Dag Erik Knedal Andersen - trommer
Sondre Meisfjord - bass
Jørgen Mathisen - saksofon