TREAK
folkemusikalsk songtrio med Ingeborg Onstad, Ingrid Lingaas Fossum og Marit Karlberg.
Gruppa har fokus på trestemt og solistisk song, a capella og med følgje av langeleik og lyre. Treak har fordjupa seg i den vokale songtradisjonen etter Marit Daleng, Guri Hegge og Ragnhild Rolandsgard, alle fødde på 1880-talet i Øystre Slidre. Desse tre kjeldene hadde til saman eit svært stort og mangfaldig repertoar av bådnsullar, salmer, viser og slåttetralling. No får me høyre materialet i ein ny musikalsk drakt.
Ingeborg Onstad - vokal, langeleik
Ingrid Lingaas Fossum - vokal og langeleik
Marit Karlberg - vokal og langeleik
Ingeborg Onstad - vokal, langeleik
Ingrid Lingaas Fossum - vokal og langeleik
Marit Karlberg - vokal og langeleik
Konsertstart 20:30
Baren og billettluka åpner en time før konsertstart.