page view image

SPELEMANNSLAGET BØHERINGEN 90 ÅR

Informasjon
event image

Spelemannslaget Bøheringen pakkar hardingfelene og tek turen til Rikscenen for å markere at laget er 90 år! Jubiléet vert markert med festkonsert, der eit mangfaldig program med både solo- og samspel vert knytt saman av smakebitar frå spelemannslagets historie og gode soger om bøheringar med hardingfele på Oslotur. Etter konserten vert det dansefest i teletakt utover dei små timane til tonane av laget og solospelemenn. 


Det er tungt skyts Bøheringen stiller med denne kvelden. I tillegg til lagspelet får me høyre solospel av mellom anna Lars Ingar Meyer fjeld, Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Torgeir Straand og Audun Rørmark, alle blant dei aller beste utøvarane på hardingfele me har her i landet.


Vel møtt til festkveld med Bøheringen!

foto: Bø museum




Starter 20:00

riksscenen