MARTIN STEINUM BRUN
Årets unge folkemusikar 2024

Martin Steinum Brun er songar og lyrespelar frå Vågå i Gudbrandsdalen. I hans musikk står nærleik, formidling og historieforteljing sentralt, og med ei sterk tilstadevering leiar han lyttaren med seg inn i folkesongen sine forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege.
Denne kvelden får du høyre fleire av desse songane i ny drakt. Med seg har han eit stjernelag av musikarar, og med referansar frå både folkemusikk, tidlegmusikk og populærmusikk flettast det drivande og draumande saman til ein eining.
Denne konserten er siste stopp på hans turné som Årets unge folkemusikar 2024, og i tillegg er det sesongavslutning for OsloFOLK og serien Folk på Torsdag! Med andre ord er dette ein av dei kveldane du absolutt ikkje vil gå glipp av!
Martin Steinum Brun - vokal, lyre
Silje Risdal Liahagen - vokal
Synnøve Brøndbo Plassen - vokal
Vera Sonne - vokal
Tiril Eirunn Einarsdotter - fele, hardingfele
Tomas Laukvik Nannestad - teorbe