page view image

GRISEBAROKK

LilleRIKSEN

Informasjon
event image

I dag får vi besøk av to filurar som spelar så vakkert dei kan på to fiolinar. Framsyninga er ei musikalsk og teatralsk reise i ei verd der griser, som for øvrig er intellektuelle dyr, både har sans for musikk og historie. 


Grisebarokk er ei tullete og informativ framsyning for born på småskulen, samt familiar. Den er laga av og med Ester Thunander og Tiril Eirunn Einarsdotter som begge har utdanning frå Norges Musikkhøgskole med fordjuping i norsk og svensk folkemusikk, med  interesse for tidleg musikk. Gjennom tøys, fjas og mykje fantasi vil vi presentere ulike typar gamal musikk for eit ungt publikum som kanskje ikkje har vore borti noko liknande før.


Tiril Eirunn Einarsdotter – fiolin
Ester Thunander – fiolin




Billettluka åpner 12:30, arrangementet starter 13:00

lilleriksen riksscenen barnekonsert barneforestilling