page view image

BRUCE MOLSKY & ALE MÖLLER

Informasjon
event image

Me har gleda av å ønskje velkommen to av folkemusikkverdas mest anerkjende musikarar: den amerikanske old-time-meisteren Bruce Molsky og den svenske multimusikanten og eventyraren Ale Möller.

Desse to briljante artistane har spelt saman i ulike konstellasjonar i mange år, og no tek dei med seg den felles lidenskapen sin til scena med materiale frå det nye albumet deira: «Bruce's Halling».

Ale Möller er ein levande legende, ei internasjonal stjerne som spelar alt frå mandola og trekkspel til ei rekkje blåseinstrument. Han er kjend for å blande den svenske folkemusikken med sjangrar frå heile verda, alltid med eit stort hjarte og ei uendeleg nysgjerrigheit. Han har gjeve ut og medverka på eit uttal plater og motteke alt som finst av prisar og utmerkingar i heimlandet.

På den andre sida har vi Bruce Molsky, mannen frå Bronx som fordjupa seg i dei rike tradisjonane frå Appalachene. Han er anerkjend som ein av verdas fremste felespelarar i old-time-stil, men lèt seg òg inspirere av delta blues, irsk musikk og meir. Han er nominert til Grammy to gonger, og har spelt med artistar som Linda Ronstadt, Mark Knopfler, Donal Lunny, Andy Irvine, Bill Frisell og Jerry Douglas

Saman skaper dei musikk som er vitaliserande, strøymande og heilt unik – ei feiring av kreativitet og tradisjon der Bruce Molsky sameiner den djupe arven sin med Ale Möller sin musikalske utforskingar. Bli med på denne uforgløymelege musikalske reisa i mai 2026!

Foto: Mats Lefvert 



 










riksscenen