MUIRINE NIC RÓIBÍN, SÁRÁN MULLIGAN & TADHG MULLIGAN
NORSE-GAELS FOLKFEST
Kjøp Festivalpass/Helgpass her!
Innovativ tradisjonsmusikk musikk frå Dublin
Sárán Mulligan og Muirine Nic Róibín er ein folk-duo frå Dublin som på kort tid har markert seg med ein musikk prega av både nyskaping og energi. Gjennom den uvanlege samansetninga av konsertina, fele og klarinett skaper dei eit mjukt og teksturrikt lydbilete med gjennomtenkte harmoniske val. Til årets Norse Gaels tek dei med seg Tadhg Mulligan, broren til Sárán, som forsterking på fele. For dei som var på fjorårets workshop er dette kjende fjes då alle tre var instruktørar der.
Musikken deira hentar inspirasjon frå tradisjonelle røter, men duoen utforskar samstundes nye klangar der tal, mønster og landskap ofte legg grunnlaget for både låtar og arrangement. Duoen spelar jamleg både i Irland og utlandet, og har i det siste hausta suksess på festivalar som Lyon Irish Trad Fête og Rencontres Irlandaises de Tocane i Frankrike. Dei vart nyleg presenterte i den anerkjende serien Other Voices 'Anam', ein konsert som vart strøymd på YouTube og som også skal sendast på den irske rikskringkastinga RTÉ.
Sárán og Muirine er no aktuelle med førebuingane til debutalbumet sitt, Thugamar an Ghrian Abhaile Linn, som er venta hausten 2026.
Muirine Nic Róibín - fele, klarinett
Sárán Mulligan - concertina
Tadhg Mulligan - fele