ANDERS NORUDDE/WALLIN + ONSTAD / WALLUMRØD
Ein Hedning møter ein Skåning, og Valdres møter Oslo!
Ein Hedning møter ein Skåning
Anders frå Värmland og Karin frå Skåne er to rutinerte folkemusikarar og riksspelemenn med stor kjærleik for det rå og klangfulle i spelet. Dei to fokuserer på svingen, grooven og kraftfullt dansedriv i framføringane sine av låtar frå Värmland, Närke og Skåne. Lyden er original og deira eigen, grunna Anders sitt alderdommelege uttrykk i andrestemme og kompspel. Alle instrumenta duoen nyttar er bygd av Anders sjølv, som også er instrumentmakar.
Anders Norudde frå Degerfors kom i kontakt med folkemusikken i 1978, og bytte då sporenstreks ut elgitaren sin med fele! Han tileigna seg fort kunsten å spela svensk sekkepipe, moraharpa, stråkharpa, vallhorn og seljefløyte m.fl, utdanna seg til felebyggar og vart Riksspelemann på sekkepipe i 1989. Han starta opp folkemusikkbandet Blå Bergens Borduner i 1984, og ikkje minst superbandet Hedningarna i 1989.
Karin Wallin kjem frå ein folkemusikkfamilie i Helsingborg, der dansespel og den skånske folkelege dansen sto i fokus. Med tostrengsspel for å få den store klangen i spelet, slik dei gamle meistarane spela til dans, og sin “sväng” som høvde til dansen i området, spelte ho seg opp og fram, og vart Riksspelemann på fele i 1993. Ho mottok i 2007 Zornmärket i gull med grunngjevinga “för mästerligt, dansant och personligt spel av låtar från Skåne”.
Karin Wallin - fele, 5-strengs fele m/understrenger, viola d´amore
Anders Norudde - fele, sekkepipe m.m.
Valdres møter Oslo
Den ferske duoen Ingeborg Onstad og Elias Wallumrød Orning møttest på jazzutdanninga ved Noregs Musikkhøgskule der dei begge studerar, eit møte som tok dei inn i folkemusikkens verden. Duoen presenterer ein miks av alt frå tradisjonelle folkeviser om riddarar i middelalderen til eigenkomponerte låtar om kvardagslivet i samtida, alt kledd i ei folkemusikalsk drakt.
Ingeborg kjem frå Valdres, spelar langeleik og syng. Ho har gått i lære hjå ingen ringare enn Marit Karlberg (Sudan Dudan), studerer vokal på NMH for tida og har i seinare tid utvikla sine eigne låtar og uttrykk, noko kvelden vil syne prov på.
Elias, frå Oslo, er multiinstrumentalist som speler omtrent alle kjende og ukjende strengeinstrument. Han har ei stor breidde som musiker, med alt frå puddelrock, doom-metal og ambient jazz på CV´n, og no altså folkemusikk.
Ingeborg Onstad - vokal, langeleik
Elias Wallumrød Orning - gitarar, banjo, vokal