page view image

Mikkel Rev + Kjeltring

Folk på torsdag

Information
event image

MIKKEL REV spelar hardingfeleslåttar i rockeham med elgitar, slagverk, elbass og hardingfele. Røtene er godt planta i hardingfeletradisjonar frå Vestlandet som uttrykkast på eit høgt og støgt, rocka og noko improvisatorisk vis. 

“det skeiveste rareste sløyeste fugleskremselbandet” - Carl Fredrik Haugfos

Vil du danse springar, gangar eller heilt vanleg utepåbyendans er dette midt i blinken. Garasjefolk til folket!


Magnus Øydvin - hardingfele, vokal
Mats Nystam - bass, vokal

Hans Mikkel Melhus - elgitar 
Ola Even Hogstad Hagen - trommer 


KJELTRING
Dei gamle spelemennene var rockestjerner i bygda si, dei hadde ikkje bass, trommer, lydanlegg og vreng. Det har Kjeltring.
Trioen med røvarar frå NMH forankrar seg i den norske slåttemusikken. Tradisjonsmusikken blir sveisa i hop med grove basslinjer, mikrotonale harmoniar, harde rytmer, friimpro og tette, gode klangar. Ei himmelsk, eller helvetes sameining.

Lat trampen rulle og gå inn i rammeslåtten til den ferske trioen!


Åsmund A. Farstad – feler
Colin Lilius Karlsen – kontrabass
William Granum Dillner – trommer.




Konsertstart 20:30

oslofolk riksscenen