VINTERENS STORE DANSEFEST

DANS DANS DANS

page view image
Event date

Saturday 31 Jan 2026 20:00

Ends Sunday 1 Feb 2026 03:00
order

Available items

ticket item
Ordinær
ticket item
Honnør/student
ticket item
Under 23
event image

Event information

Ta på deg danseskoa du fekk til jul og slit dei ut på Riksscenen!

Det store dansegolvet er nybona og det blir gammaldans og pols heile kvelden.

Madam Jam

Madam Jam har med sin banebrytande runddansmusikk blitt ein favoritt for dei som elskar å danse. Dei sju folkemusikarane utforskar nye måtar å instrumentere og arrangere gammaldansen på. Med sin smittande speleglede og sine spraglande klede skapar dei alltid god stemning. Her får du svingande reinlendarar, smektande valsar,  dansande bassgangar og polka med banjo. 

Steinar Odde – banjo, elgitar

Pål Bratås–durspel, trekkspel

Øyvind Sandum–durspel, trekkspel

Gro Visdal–kontrabass

Bjørn Kåre Odde–fele, bratsj

Geir Byre–gitar

Kristen Bratås,piano


Østerdølenes Spellmannslag

Østerdølenes er eit av landets aller beste spellmannslag og spelar polser, polsdanser og springleiker i tillegg til feiande flott runddansmusikk. Repertoaret er henta frå Østerdalen og Hedmark laget vert leia av Marit Westling. 


Haltli/Vårdal/Amper

Haltli/Vårdal/Amper er ein kruttsterk trio som spelar musikk frå grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Emilia Amper med nyckelharpa, Frode Haltli med akkordeon og Vegar Vårdal med felene sine lovar spretne polsdansar og 

suggererande polskaer frå belg og streng 


Buss for Tog

Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer under konduktørluene, og i beste VY-stil, skal dei halde seg gamaldanssporet utan for mange signalfeil, avsporingar og forseinkingar. 


Inge Gjevre - torader 

Andreas Ljones - fele 

Asgaut Bakken - gitar


Dansefesten er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS




















Tags

riksscenen
Organizer
Riksscenen