Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Ei reise i grenselandet mellom performance, konsert, klubb og fridans.
Denne fredagskvelden opnar dørene til eit musikalsk og fysisk univers der alt kan skje.
I Villdans møtast Naaljos Ljom og Mamelukk – to skaparkrefter som på kvart sitt vis dyrkar folkemusikken, kroppen og rytmen med både andakt og anarki.
Naaljos Ljom, den iherdige duoen frå Rogaland, hentar driv frå slåttar, springarrytmer og arkivopptak frå heile landet. Med fele, synthar, trommer og tungt trøkk tweakar dei tradisjonen, dreg han ut av tonale former og inn i eit sonisk rom du aldri har høyrt maken til, med skakke tonar og heftige beats – tru mot tradisjonen, men aldri bundne av han.
Med Silje Onstad Hålien – kunstnarleg leiar og koreograf – i spissen, møter Mamelukk musikken som eit levande bilete i rørsle, eit kroppsleg svar på ekstasen i spelet. Saman byggjer dei eit rom der lyd og rørsle smeltar saman, og der publikum blir dregne inn med øyrene, augene og heile kroppen.
Naaljos Ljom: Anders Hana og Morten Joh
Mamelukk: Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie, Margit Myhr, Silje Onstad Hålien og Solveig Hårdnes