© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
I 2001 vart diktsyklusen Nivelkinn av Aslaug Vaa tonesett av Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga. Urframføringa vart festa til opptak, gjeven ut på Heilo, vann Spellemannprisen og står som eit ikonisk verk i norsk folkemusikksamanheng den dag i dag.
25 år etter urframføringa kjem Nivelkinn på scena att, denne gong tolka av trioen Ævestaden. Det er Litteraturdagane i Vinje, med Odd Nordstoga sjølv på laget, som har teke initiativ til at nettopp Ævestaden skal ta over stafettpinnen. Ævestaden er kjende for å blande tradisjonsmusikk med moderne elektroniske element, og deira tolking av Nivelkinn lovar å føre Vaa sin lyrikk, og musikken til Odd og Øyonn, inn i ei ny tid.
“Musikken og tekstane ligg der, og stoffet kan strekkast i mange retningar. Det er musikk som eg har fått mykje førespurnader om. Eg syns det hadde vore utruleg moro om nokon andre og yngre i folkemusikken kunne teke det i bruk. Nett som ein lagar nye oppsetnader av teater kan dette også brukast meir, tolkast på nytt. Ikkje minst har det ein verdi å formidle lyrikken til Aslaug Vaa.”
- Odd Nordstoga
Etter urframføringa i september, under Litteraturdagane i Vinje, kjem produksjonen til Oslo, som ein del av programmet til Riksscena og Oslo World.
Eir Vatn Strøm - lyre, elektronikk, vokal
Levina Storåkern - lyre, fele, vokal
Kenneth Lien - lyre, munnharpe, hardingfele, vokal