MARTIN STEINUM BRUN

Årets unge folkemusikar 2024

page view image
Event date

Thursday 4 Dec 2025 20:30

Ends Thursday 4 Dec 2025 23:00
order

Available items

ticket item
Ordinær
ticket item
Honnør/student
ticket item
Under 23
event image

Event information

Martin Steinum Brun er songar og lyrespelar frå Vågå i Gudbrandsdalen. I hans musikk står nærleik, formidling og historieforteljing sentralt, og med ei sterk tilstadevering leiar han lyttaren med seg inn i folkesongen sine forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege. 

Denne kvelden får du høyre fleire av desse songane i ny drakt. Med seg har han eit stjernelag av musikarar, og med referansar frå både folkemusikk, tidlegmusikk og populærmusikk flettast det drivande og draumande saman til ein eining.

Denne konserten er siste stopp på hans turné som Årets unge folkemusikar 2024, og i tillegg er det sesongavslutning for OsloFOLK og serien Folk på Torsdag! Med andre ord er dette ein av dei kveldane du absolutt ikkje vil gå glipp av!



Martin Steinum Brun - vokal, lyre

Silje Risdal Liahagen - vokal

Synnøve Brøndbo Plassen - vokal

Vera Sonne - vokal

Tiril Eirunn Einarsdotter - fele, hardingfele

Tomas Laukvik Nannestad - teorbe
















Tags

riksscenen
folkpåtorsdag
Organizer
Riksscenen