page view image

SIGRID MOLDESTAD

Sigrid har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å ta med musikarane ho har jobba med i mange år. Sigrid Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre.

Information
event image


Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører både hjarte og rytme.

 Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad bygger sitt musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim. Mellom dei lyriske fortellingane kjem villskapen i felemusikken fram og bygger opp det dynamsike i ein konsert. 

Sigrid Moldestad driv fortida med innspeling av nytt album som kjem våren 2026. På konserten vert det smakebitar av det nye materiale.


















riksscenen