page view image

Gro Marie Svidal: Førespel

FØRESPEL

Information
event image

Førespela er som signaturar, opne for det personlege, opne for det individuelle. Tradisjon er reglar, noko som er felles, som alle kan kjenner att. Kvar går grensa for det som er innanfor og det som er utanfor? Kor mykje av det personlege får kome fram i spelet?

 

Førespel er ei intim soloførestilling, eit møte mellom ein utøvar, eit instrument og ein tradisjon. Den set lys på spelerommet i tradisjonen, utøvaren sin lojalitet til eit miljø, skaparkrafta, tvilen og vala. Den løftar førespela som knyter band mellom utøvar og instrument, mellom notid og fortid vidare inn i framtida.      

 

På scena: Gro Marie Svidal
Manus og musikk: Gro Marie Svidal
Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik
Scenografi og lysdesign: Matias Askvik

Førespel var tingingsverk til Osafestivalen 2025, og produsert i samarbeid mellom Gro Marie Svidal og Osafestivalen. Produksjonen er støtta av Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune og Fritt Ord.




















riksscenen